Tur til Matøskja (1332 moh), søndag 09.09.12

Komande søndag bur Sula Turlag seg til ny topptur. Denne gongen er det Matøskja (Austefjorden/Volda) som er turmålet. Fjellet ligg like sør for Høydalen, og er rekna som en klassikar – men då helst i skisesongen – for turfolk i Volda-området.

Turen til fots tek til på ei seter i 450 meters høgde. Dermed blir det ein overkomeleg prestasjon som kan høve for dei fleste med aldri så lite erfaring til fjells.

Oppmøte: J.R. Sunde kl. 08.15
Turavgift: kr. 30,-
Turleiarar: Kjetil Fylling tlf. 959 42 984 og Kåre Bakken tlf. 951 27 962

 

 

Kajakk-kurs AVLYST

Vi beklager, men det ser ikke ut til at været spiller på lag denne helgen så vi må dessverre avlyse kajakk-kurset i morgen. Skulle vi få noen fine helger fremover i september så prøver vi på igjen på kort varsel.

Tur til Trolltind/Brustind (1170), søndag 02.09.12

Trolltind/Brustind er den høgaste av tindane som ligg mellom Skorgedalen og Vestnes/Tomrefjord.

Turen startar på Flate ved Vestnes. Vi køyrer ca. fire kilometer forbi Vestnes i retning Tomrefjord. Vi tar av frå hovudvegen til Flate (1 km) og inn på bomveg (20 kr) til parkeringsplassen. Turen går først på sætreveg til Flatesetra. Deretter på sti gjennom Båtreset til nedste Trollvatnet. Frå Trollvatnet følgjer vi nordvestryggen til toppen. Turen frå parkeringsplassen til toppen vil ta om lag tre timar. Turen kan bli avlyst ved dårleg ver.

Oppmøte J.R. Sunde 02.09.12 kl. 09.00

Turavgift kr. 30,-

Turleiarar : Arnvid Hauge tlf. 70192156 og Arne Olsen tlf. 70193832

 

 

Sula Turlag 25 år – nå også på «bøljan blå»

Nåja, ovanforståande er kan hende ei mild overdriving, men det ligg ein snev av realitet i utsegnet.

Vi utvidar i alle høve friluftsrepertoaret vårt med ny aktivitet. Alle veit at vi i desse åra har tatt godt for oss av tinder og toppar i vår flotte region, men vi har stort sett vore svake på å nytte dei utruleg spennande aktivitetane som er knytt til sjø og vatn.
Og det er dette vi nå skal prøve å gjere noko med. Med andre ord kajakk-sport.

Som det vil gå fram av annonse i Sulaposten neste torsdag vil vi arrangere kajakk-kurs for nybegynnarar laurdag 8. september. Kurset vil vende seg mot ungom og vaksne og vil ta for seg elementære reglar for bruk av kajakk.

Turlaget har hanka inn ein av våre mest drevne kajakk-entusiastar som instruktør: Hallgeir Austnes. Med tempo og glimt i auget vil han sikkert ta fram latente eigenskapar hos sålegjengarar frå fjell og vidde.
Det skulle vel ikkje vere naudsynt å nemne at sikkerheit vil vere eit hovudmoment i kurset, som elles vil lære deltakarane korleis en sjøsetter farkosten, stig om bord, sørger for framdrift osb. («eskimorulle» må bli ein annan gong)

Så skal vi også nemne at kurset skjer i samarbeid med Friluftsrådet for Ålesund og omland og Ålesund-Sunnmøre Turistforening, som velvillig vil låne oss kajakkar og sikringsutstyr.
Kurset vil vere gratis, men medlemmar av ST vil ha fortrinnsrett.

Børre Vegsund

 

 

Store Trolltind (1788 moh), søndag 19.08.12

Dette er ein tung tur og ein må rekne med 8 – 10 timer på turen. Turen startar på Trollstigplatået på god sti  som raskt går over på til dels grov steinur, grus og berg. Godt fottøy er derfor nødvendig og ein treng også vindtett tøy. Det er nokre luftige parti siste stykket fram mot Bruraskaret og siste stykket opp mot toppen, men der vil vi hjelpast åt.

Vi bruker ca. 1,5 timer til Frokostplassen der vi planlegger ein god rast. Bruraskaret (ca. 1500 moh) når vi etter ca. 3,5 timer og derfrå bruker vi ca.1 time til topps. Ved Bruraskaret blir stien vi går på kalla ”Heen highway”, oppkalla etter den kjente fjellmannen Arne Randres Heen.

Heile turen har spektakulær utsikt. Vi ser baksida av Trolltindane allereie når vi nærmar oss Frokostplassen og derfrå er utsikta formidabel. Når vi kjem til Bruraskaret ser  ein rett ned i Romsdalen. På toppen er utsikta formidabel, ein overdriv ikkje når ein seier at ein der ser store deler av fylket.

Dersom nokon får synes turen blir for tung / vanskeleg kan ein undervegs vurdere om ein skal dele gjengen og eventuelt finne eit alternativt turmål, f. eks. Stabben.

Turen kan bli avlyst ved dårlig ver.

Oppmøte J.R. Sunde 19.08.12 kl. 07.30

Turavgift kr. 30,-

Turleiarar : Odd-Rune Havnegjerde , Kjetil Fylling, Roy-Magne Sunde og Nils Roger Matvik.

Kontaktpersoner Odd-Rune Havnegjerde  tlf. 920 95 652 og Kjetil Fylling  tlf. 95 942 984

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Glittertind (2452 moh), 10.-12. august

Helga 10. – 12.08.12 arrangerer Sula Turlag tur til Jotunheimen med overnatting på Glitterheim. Målet for turen er Glittertind (2452), Noregs nest høgaste fjell og også Noregs nest mest besøkte topp over 2000 m.
Vi satsar på tidlig start heimanfrå. For å rekke middagen bør vi vere på hytta seinast kl. 19.00. Det er sjølvsagt mogleg å kome seinare, men da blir det ikkje middag på hytta.

DNT-hytta Glitterheim ligg 8 km inne i Jotunheimen nasjonalpark i 1394 m høgde. Turen inn til hytta kan tilbakeleggjast med sykkel eller til fots (30 /90 min). Sykkel kan enten takast med eller den kan leigast for kr. 50 ved bommen. Transport av syklar kan ordnast, sei ifrå ved påmelding dersom du ønskjer det.

Vi har reservert 25 plassar på hytta denne helga. Plassane blir tildelt etter prinsippet ”først til mølla”.

Laurdag er Glittertind målet. Turen til topps tek ca. 4 timer opp og om lag halvparten ned igjen. Det er også mogleg å gå ein rundtur som inneber bestigning av 5 toppar på over 2000 m. Vêrtilhøva avgjer om dette let seg gjennomføre. Uansett vil nok dette vere eit tilbod for dei sprekaste, for dei fleste vil sannsynlig turen til Glittertind vere nok.

Vi har ikkje lagt opp til tur på søndag, men for dei som ønskjer det er det mogleg å få med seg ein bonustur denne dagen.

Praktiske opplysninger:
Oppmøte på Glitterheim fredag kveld.
Full pensjon 678/638 pr. pers. på 2/4-manns rom.
Turavgift kr. 30,-

Påmelding innan 24.07.12. Gi beskjed ved behov for skyss.
Nils Roger Matvik 932 92 531
Odd-Rune Havnegjerde 920 95 652
Roy-Magne Sunde 916 45 251

 

 

 

Straumshornet (976), søndag 01.07.12

Førstkomande søndag arrangerer Sula Turlag den siste turen før sommarferien. Denne gongen er det ei verkeleg perle som står på programmet. Straumshornet ligg i Sykkylven og frå nord dannar Straumshornet og Gimsdalstinden markante topper i enden av kvar sin fjellrekke i Straumsdalen. Når ein kjem frå nord til Sykkylven kan ikkje unngå å legge merke til desse tinderekkene og da særleg den spisse toppen på Straumshornet.

Dette er ein populær topp, men har ei bratt rute som krev litt klyving. Toppegga er luftig og ikkje å anbefale for folk med høgdeskrekk. Enklaste rute er å følgje ryggen frå nord, krysse over til austsida og gå bratt til topps.

Etter oppmøte hos J.R.Sunde køyrer vi bil helt til foten av fjellet. Under vegs blir det både fergjetur og passering av bom i Straumsdalen. Frå parkeringa bruker ein ca 1,5-2 timer til topps. Vi følgjer same rute ned igjen. Turen krev godt ver, ved regn eller skodde blir turen avlyst.

Oppmøte J.R.Sunde 01.07.12 kl. 09.00
Turavgift kr. 30,-

Turleiarar: Nils Roger Matvik tlf. 932 92 531 og Per Inge Midtgård tlf. 472 79 854

 

 

 

 

 

 

Kveldstur til Rødlandstua (355), onsdag 20.06.12.

Denne onsdagskvelden er turmålet det høgaste punktet på den skogkledde fjellryggen mellom Brusdalen og Ellingsøyfjorden. Dette er ein lett tur, reknar med å bruke ca. 45. min. frå starten ved Reiakvam i Brusdalen og til topps. Toppen stikker så vidt opp av skogen, men trass i den beskjedne høgda er utsiken flott. Stien går først på ein smal skogsveg, deretter kjem eit litt brattare parti før vi passerer nokre myrar som kan vere litt våte. Vi kjem så opp på fjellryggen og følgjer den til topps.

Som sagt, flott utsikt trass den lave høgda. I vest ser vi Ålesund og sjølvsagt Sula og med Runde yttarst i havgapet. Vi har også fri utsikt mot mange av fjellene i Haram, Sykkylven og Ørsta. Ein lett tur som egner seg godt både gammal og ung, speke og mindre spreke.

Oppmøte J.R.Sunde 20.06.12 kl. 18.00
Turavgift kr. 30,-

Turleiarar: Nils Roger Matvik tlf. 932 92 531 og Mindor Solevåg tlf. 70190506

Ytste Skotet, 09.06 – 10.06.12

Ytste Skotet, – ei vandring tilbake til «gamle dagar»

Storfjordens Venner er eit kulturhistorisk omgrep på våre kantar. I fleire tiår har dei gjort eit kjempeløft med å ta vare fjord- og fjellgardar i det sunnmørske landskapet.

Og i nokre år nå, har Sula Turlag tatt opp igjen tradisjonen med å besøke desse einbølte gardane. Såleis blir Ytste Skotet vårt mål i helga 9-10 juni. (sjå annonse)

Opplegget
Vi satsar på privatbilar til Sykkylven. Her frå går vegen til Ramstadalen/Fasteindalen der bilane blir parkerte. Nå tar vi beina fatt. Det blir ein motbakke på om lag tre hundre meter opp til Årsetvatnet, (500 m.o.h.) vidare langs dette , og så eit hundre meter opp til Brekka, høgste punktet på ruta.
Nå går det nedover Skotsdalen , og etter ca. tre timar til fots strenar vi inn på tunet på YtsteSkotet.

Ytste Skotet
Her blir vi møtt av ei blid og tøff jente, Kari-Anne Nilsen som bur aleine på fjellgarden året rundt! Ho vil fordele oss rundt på garden med tanke på sovekvarter. Det vil bli sovepose og flatsenger for heile hurven, så det er berre å gløyme firestjerners frå Syden. (det må likevel nemnast at nokre få oppreidde senger er disponible mot eit tillegg i prisen)
Kari-Anne vil sørge for vått og tørt til oss, og sikkert fortelle litt frå si sjølpålagte einsemd i dette fjord- og fjellrike.
Så kan vi rusle inn til Midt Skotet. Og tar vi ikkje mykje feil vil vi treffe Idar Skotte, siste brukaren på denne garden fødd og oppvaksen her, og i tillegg ein ypperleg formidlar av livet på denne fjellhylla.

Retur
Tilbake blir det same vegen som vi kom. Det blir bra med vandring som ein forstår. Og ein skal vere i alminneleg god form for denne turen. Ikkje minst med tanke på at ein skal bere sekk med sovepose, ekstra klede, niste og drikke under vegs. Det gjeld å pakke sekken så lett som mogleg 7 til 9 kg. max.
Når dette er sagt skal alle som har lyst på ei helg med fysisk innsats i flott natur, og med kulturelt påfyll som bonus, vere velkomne som medvandrarar.

Øygunn og Børre Vegsund

• Frammøte: Joh. R. Sunde laurdag kl. 09.00
• Overnatting i sovepose, middag og frokost, pris kr. 400.
• Bindande påmelding innan fredag 7.juni kl. 21.00.
• Turavgift kr. 30,-.
• Turleiarar & info: Øygunn 905 21 460/Børre 922 97 569