Taustua/Eikremsvatnet, søndag 03.06.12

I morgen, søndag 3/6, går turen i nærmiljøet vårt. Taustua og/eller Eikremsvatnet er målet (oppmøte og ønske vil avgjøre endelig turmål). Turen er tilrettelagt for handikappede og er et samarbeid med Idrett for alle. Oppmøte på Allheim kl. 10.30.

Tur til Skjonghellaren, onsdag 30.05.12

Har du høyrt om Skjonghellaren?

Sannsynlegvis veit du noko om den, og kan hende har du til og med vore der. Men dersom du er ukjent med dette spennande naturfenomenet, så inviterar Sula Turlag til ei skikkeleg nærkontakt.

Dette er ein av dei såkalla midtveke-turane vi legg opp til. Når dagane blir lyse og lange er det fint å kunne utnytte kveldane til å bli kjent i nytt terreng.
Som de forstår er det Valderøya som blir sett på kartet denne kvelden. Vi kjem til å køyre i «karavane», og parkering vil skje ved Valdervoll idrottsanlegg. Så blir det ei relativ lett vandring over øya sine fjellområde. Ikkje av dei mest grensesprengande når det gjeld høgd, men knapt 300 meter over havnivået gir likevel eit makelaust utsyn over Giske kommune og det sunnmørske øyriket i nord.
Høgdepunktet blir nok besøket i Skjonghellaren. Denne hola i fjellet som havet gjennom titusen av år har grave inn i fjellet, er ein eineståande geologisk og historisk lokalitet. Her er spor etter menneskeleg aktivitet meir enn 30 000 år attende, kan hende i ei kort mildversperiode under siste istid.
Den svære hellaren går om lag 140 meter innover i fjellet og blei etter istida brukt som boplass for våre forfedre. Vi tar sikte på å ta oss inn under sakkyndig vegleiing og medbrakte hovudlykter/lommelykter.

Her har Sula Turlag har gjort eit varp: Kjent fjellmann og turleiar i ÅST Einar Berget, vil lose oss over øya saman med ikkje mindre kjente Odd Egil Valderhaug, TV-journalist, forfattar, lokalhistorikar og varaordførar i Giske kommune.
Dette skulle borge for ei interessant og aktiv sommarleg kveldsøkt ein onsdag midt i veka.
M.a.o. noko å gle seg til!

• Frammøte ved Johan R. Sunde onsdag 30/5 kl. 18.00.
• Turavgift kr. 30,-.
• Ta med hovudlykt.
• Turleiarar: Børre Vegsund Tlf. 71 70 71 59, 922 97 569
Mindor Solevåg Tlf. 70 19 05 06, 413 10 290
Einar Berget Tlf. 70 18 23 94

Børre Vegsund

 

 

Tur til Kongsvollen, søndag 20.05.12

Sula Turlag arrangerer fottur til Kongsvollen på Hareid-landet søndag 20/5.
Denne turen er ein lett til middels tung fottur. Ein startar på Løset, ca 200 m.o.h. og endar 680 meter over havet (vel som Grøthornet på Sula). Turen går frå Løset mot Kvamstua, først på bra sti i lyngmark, seinare etter egga opp ”Bukketroppene” mot sjølve Kongsvollen. Vi skal opp 480 høgdemeter og ca 4 km i lengde til toppen, noko som dei fleste klarer på eit par timar, etter form og framdrift.
Utsikta er flott heile vegen oppover, både mot øyane og havet, mot Vartdalsfjella og Ørsta-fjella innover. Frå toppen ser ein attende mot det 5 km lange og 60 meter djupe Snipsøyravatnet og mot Hareidsdalen med Grimstadvatnet. Vestover ser ein mot Gurskøya og øyane utanfor.
Turen nedatt går på bra sti i retning Haddal, der vi vil ha ein bil som kan køyre sjåførane framatt til Løset der turen tok til. Turen kan ta 3 til 4 timar, eller meir for den som har god tid.
Dei som er ”sjølvstendige” kan gå ein tur til Blåtinden, den høgaste fjelltoppen på Hareidlandet, om dei vil. Det vil ta om lag ein time ekstra.
Turen til Kongsvillen vil høve godt for barn som har litt trening med å gå på tur. Husk å ta med litt niste, ekstra klede(gensar, hue, vottar), litt drikke og regntøy om nedbøren trugar. Det vert med lokalkjende folk frå Haddal på turen.
Dersom veret vert for dårleg vert turen avlyst. Turleiaren møter då på Sulesund for å gi beskjed.

Velkomen til ein fin søndagstur.

• Frammøte på Sulesund ferjekai kl. 09.15 (ferga går kl. 09.30).
• Vanskegrad: Lett/Middels
• Turleiar: Ove Kaldhol tlf. 918 36 533

 

 

Tur til Giskemonibba, søndag 13.05.12

Det blir Ørskog-fjell denne gongen. Løypa til Ørskogfjellet er kjent for dei fleste. Dette vil bli utgangspunktet for søndagens tur.

Dette fjellet føyer seg inn i rekka av overkomelege og trivelege fjeltoppar som vår landsdel også er så rik på. Frå Sjøholt-sida ser det rett nok skummelt bratt ut, men frå nordsida er det ei heilt grei oppstigning. Det stiller seg såleis ikkje i rekka av «prestasjonstindar», men alle vil garantert glede seg over ein opptur gjennom eit litt forsinka, vårleg landskap.
Bilane har vi parkert ved Fjellstova, og der frå går vi om Haugesetra før vi etter ei lita nedstigning kjem inn på vegen som fører til Kvanndalssætra. Så langt har vi vandra i overkant av eit par kilometer på god traktorveg. Setra ligg ved inngangen til Kvanndalen som fører til Vaksvika, ein fin tur, ikkje minst på ski.

Nå tar oppstigninga mot Giskemonibba til. Den går først langs ei elv i moderat stigning med stendig finare utsyn mot tindar både på Ørskog-sida, men også mot Vestnes- og Skodjefjell. Og langt der ute i vest ser vi Sunnmøre med øyane i nord.
Oppstigninga er på knapt 300 meter og går unna på om lag ein time.
Alle skal få gå sitt eige tempo og pauser blir lagt inn når vi treng det. Det er turen og ikkje prestasjonen som er meininga med søndagens utmarsj.

Får vi sol, varme og klar luft kan dette bli vårens vakraste eventyr.

• Frammøte Joh. R. Sunde kl. 9.30.
• Vanskegrad: middels –
• Turavg. kr. 30,-
• Kontakt: Børre Vegsund, tlf. 71 70 71 59, 922 97 569
Mindor Solevåg « 70 19 05 06, 413 10 290

 

 

TOPPTUR TIL KVITEGGA

Førstkomande søndag 29/4 arrangerer Sula Turlag skitur til Kvitegga. Toppen ligger på 1717 meters høgde på snø-kuppelen og 1691 m.o.h på fast fjell . Kvitegga, som er det høgaste fjellet på Sunnmøre, ligg ved Norangsdalen (Ørsta) overfor Fivelstad.
Turlaget går opp Snødalen (Tryggestad, Stranda). Her ifrå må turgåarane rekne med å bere skia ein halvtimes tid gjennom skog før ein får snø-underlag. Etter to-tre tunge motbakkar er ein oppe på store, kvite ryggar som fører til toppen. Utsikta frå toppunktet er storslått i alle retningar.
Turen på seks-sju kilometer tek ca. fire-fem timar.
Turleiarar er Roy-Magne Sunde og Odd-Rune Havnegjerde.

Skitur med Sula Turlag til Pyttbua 24. – 25. mars

  • Oppmøte J.R. Sunde kl. 8.30.
  • Turavgift kr. 30.-
  • Vanskelighetsgrad middels.
  • Turledere: Øygunn Vegsund, tlf. 71 70 71 59, el. 905 21 460

                   Sindre Bergseth, tlf. 909 33 583.

  • Påmelding senest fredag.

 

Klikk på bildet for forhåndomtale: