Danskehytta, 22.-23. april

TUREN ER DESSVERRE AVLYST PGA. SVÆRT DÅRLIGE VÆRMELDINGER!

 

Årets første tur går til Danskehytta.

Vi starter å gå frå parkeringsplassen i Hamsevika og passerer hytta som var det gamle slakteriet for tamrein. Vi går i slak motbakke et stykke før det blir litt brattere oppover til Skomakervatnet. Vi får no utsikt innover Hamsedalen mot vest og sørover mot Skriulaupen og videre mot Jotunheimen i «syningom». I området ved Skomakervatnet kan vi ta en pause og er vi heldige så varmer sola godt i skråninga mot syd. Vi fortsetter i en slak motbakke og treffer kvistaløypa som kjem frå Grotli. Vi får no Krosshø (1857 moh.)på høgre hand og går etter løypa til høgste punktet og vi tar av fellene her. Her kan vi velge om vi fortsetter på flata innover langs fremste Viksvatnet, eller om oss går oppover mot Heilstuegga (1668 moh). Går oss langs vatnet, er det litt småkupert og oss ser hytta i himmelsjå. Oss får då ei «kneik» opp mot hytta heilt på slutten. Mot Heilstuegga er det jamn stigning og oss får ei fin nedkjøring til hytta. I godt ver er det veldig fint å gå returen på søndag, om Heilstuegga og nyte den flotte utsikta 360 gr. Derifrå kan vi renne nesten heilt til slakteriet, og slepp gåinga langs vatnet. Veret får bestemme. Søndag kan den som vil ta en tur til Fetegga nord for hytta,før vi klargjer hytta og returnerer til bilane. Vel møtt til tur!

Påmelding innen torsdag 20. april. Ta gjerne kontakt for eventuell samkøyring.

Oppmøte: Hamsevika kl. 12.00

Turledere: Sindre Mørkedal, tlf. 917 34 766 og Hallvard Lied, tlf. 456 04 414