Fjordgardstur til Ytste-Åkernes, 28.06.14-29.06.14

I år prøver vi i Sula Turlag oss på ein fjordgardstur igjen. Helga 28.06.14 – 29.06.14 står den fråflytta garden Ytste-Åkernes på programmet. I desember 1958 vart den nedlagt, men huset er halde vedlike av familien og for to år sidan hadde Storfjordens Venner eit restaureringsprosjekt der blant anna den gamle røykstova vart ført tilbake til slik den såg ut tidleg på 1900-talet. Dette innebar at bølgeblikk vart skifta ut med torvtak, nytt golv og nye vindauge m.m. Det er altså eit nyrestaurert hus som møter oss når vi kjem til gards.

Oppmøte er J.R.Sunde på Eidsneset kl 08.00 på laurdag. Vi kjører derfrå til den nedlagte skulen på Fjørstad i Strandadalen og går skrått oppover bak gardane til Fjørstadsætra. Frå sætra går vi på fin sti innover dalen, eit stykke etter sætra flater dalen ut. Om lag midtvegs inne i dalen er det slutt på stien og vi går vidare slakt oppover i steinete terreng til vi når høgaste punktet på turen, Skaret 1140 moh.  Her er det flott utsikt over Sunnylvsfjorden og gardane i Oaldsbygda og Furneset. Frå Skaret går turen skrått nedover til Åkernesrevna  som ligg ca 900 moh. Etter ein pause med fotografering og orientering om Åkernesrevna starter så siste etappe ned til garden som ligger ca. 175 m.o.h. Vi reknar med å bruke 7 – 8 timar på turen over fjellet.

Mat til middag på laurdag og frokost/lunsj på søndag blir kjøpt inn på felles og utgiftene fordelt.

Det er ganske mange både rom og sengeplasser i huset, sannsynligvis må likevel nokon overnatte  på madrassar / liggeunderlag  på golvet evt.  i telt.

På søndag er det planlagt besøk til nabogardane Lillesæter og Me-Åkerneset før vi blir henta med båt og frakta til Stranda. Dette er ei vandring i vår relativt nære kulturhistorie. Sjølv om mykje har forfalle og slåtteteigane for det meste er attgrodde, vil ein nok likevel kunne danne seg eit lite bilde av livet som var. For dei som ynskjer det er det sjølvsagt også mulig å gå turen tilbake over fjellet. Dette blir imidlertid ikkje ein del av den organiserte turen.

Av omsyn til både mat og transport, må vi vite kor mange som blir med. Derfor påmelding til ein av turleiarane innan torsdag 26.06.14 kl. 22.00.

Turledere Nils Roger Matvik (932 92 531 ) og Per Inge Midtgård (472 79 854 )