Flofjellsvegen, tirsdag 07.07.15

Sula Turlag skal gå den gamle ferdselsvegen over Flofjellet komande tirsdag. Ruta over Flofjellet er ingen krevjande tur, stigninga er på knappe 200 meter, og går langs ein god og populær veg. Vigår langs Nestevatnet, Stigholsvatnet, øvre og nedre Flosetra, Ångelsvatnet og vi skal nyte den flott utsikta ved Oppstrynsvatnet. Her vert det ein rast før vi tek same veg tilbake. Turen tek omlag tre timar kvar veg og det er joggeskoforhold om veret er bra.

Oppmøte på Vollset kl. 11.00. Ferge frå Magerholm kl. 09.10.

Turleiarar er Børre Vegsund tlf. 922 97 569 og Viktor Barstad tlf. 922 19 265