Hornindalsrokken, søndag 21.09.14 AVLYST!!

TUREN TIL HORNINDALSROKKEN BLIR DESVERRE AVLYST!! Yr.no melder 0 grader og snøbyger så turlederne har bestemt at dette ikke gir trygge nok forhold. Vi beklager dette, men værforholdene kan vi dessverre ikke gjøre noe med.

___________________________________________________________________________

 

Førstkommande søndag tar Sula Turlag sin nest siste tur for sesongen. Dette er ein TOPP-tur på alle måtar, ein kan og sjå toppen frå Sula. Frå Solevågseidet kan ein sjå toppen av Rokken stikke majestetisk opp lengst inne på austsida av Hjørundfjorden.

Hornindalsrokken er eit grensefjell for Hornindalen, Ørsta og Stranda kommune. Frå rv 60 ved den gamle steinhellebrua 2 km vest for fylkesgrensa, kan du køyre bomveg 1,5 km nord til Hornindalsetra . Me startar med å gå ein gammal anleggsveg ca. kl 10.15, deretter kryssar me elva og går bratt opp ei renne. Vel oppe frå renna går me over i storsteinsur.  Siste stykket følger me nordegga med enkel klyving.

Turen tek ca.10t. tur/retur. Still med solide sko, godt med klede og mat. Denne toppen passar for dei utan høgdeskrekk, og som er vant til å gå litt lengre turar.

Skal me tru på YR sin prognose så blir det flott turvær.

Oppmøte ved J. R. Sunde kl 08:15

Turleiarar Anna Marie R. Havnegjerde tlf. 482 96 625 og Odd-Rune Havnegjerde 920 95 652