Kveldstur Nøringset – Sandvika, onsdag 18. juni 2014

Sula Turlag inviterer til ein ny kveldstur 18. juni 2014. Denne gangen skal vi ikkje høgt til fjells. På programmet står turen frå Nøringset på sørsida av Sula til Sandvika på nordsida like vestafor Langevåg. Turen går langs sjøen med rast på Eltreneset om lag halvvegs.

Oppmøte på Nøringset kl. 18.00. Køyr mot Sulesund, like før ferjeleiet tek ein av til høgre og følgjer vegen så langt den går. På førehand vil vi utplassere nokre bilar i andre enden slik at vi kan transportere sjåførane tilbake etter turen.

Frå Nøringset går vi i skogen, hovudsakleg eit stykke frå sjøen. Vi følgjer vi først kjerreveg, seinare merka sti heile vegen utover til Eltreneset. Siste stykket er det ikkje så mykje sti å finne men det er også slutt på skogen. Altså ikkje noko problem å finne fram.

Når vi startar austover på nordsida av Sula er det heilt slutt på skogen. Det er også litt meir vått og myrlendt terreng så godt fottøy er å anbefale. Vi passerer etter kvart Kalvestad, Flesje og Kjellingset, gamle buplassar med ennå synlege restar etter busetting.  Dei synlige tuftene på Kalvestad er til dømes frå middelalderen, men funn av leirskår fortel at det har stått hus på same staden i folkevandringstida (400-600 e.Kr.). Siste del av turen går på skogsveg til Sandvika litt vest for Langevåg sentrum. 

Relativt lang tur i lett terreng. Må rekne med å bruke 5 timer på turen, kanskje litt lenger også, men det er midtsommar og kvelden er lang.

Turleiarar Nils Roger Matvik tlf. 932 92 531 / Mariann Barstad tlf. 918 88 102