Kveldstur til Frostadtind, onsdag 04.06.14

Sula Turlag inviterer til ein fin kveldstur 4. juni 2014. Vi køyrer frå Johan R. Sunde til Engesetdalen i Skodje.  På Engeset i Engesetdalen er det skiltet mot Storsætra. Etter ca 2 km møter vi bomveien som går opp til bl.a Høgsætra. Vi holder til venstre når veien deler seg. Det er ca 1,5 km opp til Høgsætra fra bommen.

Frå Høgsætra går det raudmerka sti heilt til topps. Stien er lett å finne, men i nedre delen kan den vere litt våt. Når vi kjem opp på fjellryggen er den tørr og vi følgjer den i retning Vardtua, den vesle toppen vi passerer før vi når Frostadtinden og derfrå er heller ikkje  vegen lang til varden på toppen.

På Frostadtinden har vi fin utsikt i dei fleste retningar. Fjellets høgaste punkt ligg ca. ein halv kilometer lenger aust. Greitt å ta ein avsikkar dit, men ein får ikkje sett så mykje meir. Etter ein rast på toppen startar tilbaketuren etter same rute som vi kom. Vi reknar med å bruke ca. 3 timar på turen totalt. Lett tur som egner seg godt for spreke folk i alle aldrar.

Oppmøte på Johan R. Sunde kl. 18.00

Turleiarar Nils Roger Matvik tlf. 932 92 531 / Mindor Solevåg tlf. 993 95 187