Kveldstur til Molnesfjellet / Molnesfjøra, onsdag 12.06.13

Ein ny kveldstur og denne gongen inviterar Sula Turlag til ein tur i eit særprega og variert turområde som femnar om dei fleste landskapstypar som finst i denne ytre kystsonen. Her finn vi svaberg, rullestein- og sandstrand, strandeng, lynghei og fjell. Landskapstypen kan vel best karakteriserast som «Irsk landskap». Det er tursti rundt og over fjellet og mot vest er det eit stort festningsverk frå 2. verdskrig. Fjellet er ikkje høgt etter sunnmørke forhold men ligg fritt til og utsikten er flott sjølv om toppen ikkje er høgare enn 122 m.o.h.

Molnesfjellet og –fjøra ligg i eit naturreservat, i eit område utan bilvegar ligg det usjenert og fredelig til ut mot storhavet. Reservatet er freda for å ta vare på eit stort samanhengande og relativt urørt område med stor variasjon av strandtypar og eit sjeldan samansett og variert strandlandskap med kalkkrevjande vegetasjon med m.a. fleire orkideartar. Reservatet er på ca 685 dekar, av dette er 242 dekar sjø. Her er det muleg å bade, eller som vi, gå turen over Molnesfjellet den eine vegen og fjøra tilbake.

Oppmøte J.R.Sunde 12.06.13 kl. 18.00
Turavgift kr. 30,-

Turleiarar: Nils Roger Matvik tlf. 932 92 531 og Einar Berget tlf. 70 18 23 94