Kvitveisdagen, søndag 26.04.15

Søndag fyrer vi opp både bål og grill i Kaffivika. Då vert det grilling av pølser og steiking av pinnebrød. Trur vi set over kaffikjelen og. Friluftsrådet vil sette opp lavvo, fyre opp bålpanner og poppe pop-corn . Dei vil og vise korleis ein kan lage egne vedbrikettar. Dette, og mykje anna, kan du oppleve på turen rundt Vassetvatnet i Langevåg i morgon. Hjerteleg velkomen innom oss!