Medlem

I skjemaet under søker du om medlemskap i Sula Turlag. Fyll ut og vi tar kontakt!

 

 

VEDTEKTER

§ 1. Formål

Sula Turlag skal stå for eit natur- og miljøvenleg friluftsliv.

§ 2. Oppgåver

Laget sine oppgåver skal vere å:

  • Arrangere turar i fjell, skog og mark og ved sjø sommar som vinter.
  • Merke og legge til rette løyper i fjell og utmark der det er behov for dette.
  • Arrangere medlemsmøte og kurs.
  • Rettleie og hjelpe medlemmar med informasjon om turar og utstyr.
  • Samarbeide med andre organisasjonar om friluftsliv.

§ 3. Medlemmar

Turlaget har to kategoriar ordinære medlemmar: Enkeltmedlemmar og familiemedlemmar.

Medlemmar er alle som har som har betalt årskontingent.

Styret kan innstille æresmedlemmar overfor årsmøtet som gjer vedtak om dette.

§ 4. Medlemsrettar

Medlemmane av ST har første rett til å delta på turar og andre tilskipingar som laget står for.

Medlemmar over 15 år har rett til å møte på årsmøtet, sette fram forslag og delta i avstemmingar.

§ 5. Styret 

Turlaget blir leia av eit styre på fem medlemmar og to varamedlemmar. Leiar blir valt særskilt for eitt år.To av styremedlemmane og eitt varamedlem står på val kvart år, første året etter loddtrekning.

Styret fordeler internt kasserar- og sekretæroppgåver.

Styret er vedtaksført når minst tre styremedlemmar er til stades.

Leiar i turlaget sine særskilte medlemsgrupper, (kfr § 8) har høve til å møte i saker som gjeld desse gruppene.

§ 6. Årsmøtet

Årsmøtet er laget sitt øvste organ og vert halde kvart år i februar månad etter innkalling i lokalavisa  med minst tre vekers varsel.

Framlegg på saker til behandling på årsmøtet må vere innkomne til styret seinast to veker før møtedato.

Ekstraordinært årsmøte kan haldast når styret ber om det, eller når minst 1/3 av medlemmane gjer skriftleg krav om det.

§ 7. Årsmøtesaker

Følgjande saker skal behandlast av årsmøtet:

  • Årsmelding.
  • Reknskap.
  • Tur og handlingsprogram. Orientering til årsmøtet.
  • Kontingent.
  • Val av leiar, to styremedlemmar og eit varamedlem.
  • Val av to revisorar.
  • Val av valnemnd, to medlemmar.
  • Val av turkomite, varde- og merkeutval og valkomite.
  • Val av arbeidsutval til dei særskilte medlemsgruppene.
  • Eventuelt innkomne framlegg.

§ 8.  Medlemsgrupper 

Styret kan opprette/organisere særskilte medlemsgrupper. (t.d. barn- og familiegruppe og seniorgruppe).

Desse kan ha eigne arbeidsutval og eigne aktivitetar, men er underlagt turlaget sitt styre, og forplikta på laget sine vedtekter.

§ 9. Utval/komitear 

Styret gjer etter behov vedtak om oppretting av utval og komitear, og oppnemner medlemmar til desse .

§ 10. Endring av vedtekter

Vedtektsendringar må ha 2/3  fleirtal for å bli vedtatt.

§ 11. Oppløysing av Sula Turlag

For å løyse opp laget trengs det ¾ fleirtal. Avgjerd om dette må takast på lovleg innkalla årsmøte.

Eventuelle midlar skal tilfalle friluftslivet i Sula etter avgjerd av årsmøtet.

Endringar gjort åra 1988, 1990 og 2009