Mefjellet, søndag 18.08.13

 

Mefjellet, – ei eventyrleg vandring mellom fjord og fjell

Og denne opplevinga kan bli mange til del når Sula Turlag set kursen mot Mefjellet (1100 m.o.h.) i Norddal kommune  førstkomande søndag. Nå blir det ikkje 1100 meter rett opp, vi startar vandringa på om lag 400 m.0.h. Så eigentleg er er det snakk om ein  Varde-tur på vårt lokale Sulafjell.

Løypa inn dit er fort gjort å skissere: Sula – Valldal – Fjørå, ca. ein time og tre kvarter. Der tar vi av mot Selboskar og Hauge. Her finns god parkeringsplass.

Men før vi får føtene i gang, kan det vere verdt å reflektere over det vakre bygdelaget i den praktfulle ramma som omgir oss. Det er ei livskraftig grend vi ser med nyslåtte jorder og velhaldne bygninger. Om lag 40 menneske har sittt utkome i dette brattlendte landskapet, og ein blir snart forvissa om at arbeid meir enn vakker natur har gitt menneska her oppe livsgrunnlag.

Under oss ligg Tafjorden i ei mektig kløft i landskapet. Ei handfull fjord- og fjellgardar ligg «klistra» til fjellsidene, og såret i Heggurdaksla minner oss om den dramatiske og tragiskeTafjordulukka i 1934.

Sjølve vandringa er grei: Ein god traktorveg tar oss oppover til setrane som ligg spektakulært til i himmelsjå på ca. 700 m.o h.. Med roleg gange og pauser vil det gå med ein knapp time dit. Her vil det vere naturleg å ta ein pause med mat og drikke.

Vegen vidare er også grei. På tydeleg rås tar vi sikte på Mefjellet. Siste stykket går langs ein fjellrygg til toppvarden. Då er det gått med vel to timar frå start. Uansett; vi tar den tida vi treng. Turen skal vere til å glede seg over.

Utsynet frå varden fangar inn bygdelaga i Valldalen og fjella nordanfor jordbærbygda. Austover ser vi praktisk talt Tafjorden til endes.

Betre kan du knapt bruke ein søndag. Så velkomen på tur med Sula Turlag, medlem eller ikkje.

Oppmøte på Johan R. Sunde kl. 09.00

Børre Vegsund, turleiar