ROMSDALSEGGEN, søndag 16.06.13

Søndag 16. juni tek Sula Turlag turen til Romsdalseggen. Startpunkt for turen er Venjesdalsetra , 380 m.o.h. Turens høgaste punkt er Blånebba , 1320 m.o.h. Dette er ein tung tur og beregna turtid er ca. 8 t. Turen til Blånebbe er ein liten avstikkar på ein time , tur / retur. Dei som ikkje ønsker å ta turen til Blånebba kan ta seg ein times rast og vente. For dei som vel å gjer det, blir Mjølvafjellet på 1216 m.o.h. turens høgaste punkt . 

Turen til Romsdalsegga gir oss ei fantastisk naturoppleving . Oppe på egga får du utsikt mot ei rekke kjende toppar som: Store Venjestind, Romsdalshorn, Trolltindane, Bispen, Kongen, Dronninga med fleire. Utsikta ned i Romsdalen, mot Åndalsnes , Isfjorden og ut Romsdalsfjorden mot Molde er også flott.

Sjølve turen over eggen er brei og stien er god. Stien går delvis i ur, delvis på vegetasjon . Bratt nedstigning frå Nesaksla mot Åndalsnes. Stien er sikra med kjetting og tau på utsatte plassar.

Ta på gode tursko , vindtette klede ,vi må regne med å gå i litt snø.

Turen kan bli avlyst om været er dårleg.

Oppmøte : Johan R Sunde kl. 08.00

Turavgift : kr. 30,-

Turleiarar : Nils Roger Matvik tlf. 932 92 531, Odd – Rune Havnegjerde tlf. 920 95 652 og Anna Marie Rekdal Havnegjerde tlf. 482 96 625.