Rundtur Jønshornet/Ramoen, laurdag 12.09.15

Dette er ein rundtur. Me gjeng opp frå Vollane i Barstadvika ned igjen via Molladalen.

Ta av frå E 39 ved Barstadvika aust for Barstadelva, køyr 2km til god parkering ved ei bru og eit kvernhus.

Turskilt til Festøykollen viser rutestarten nord for elva. Stien kryssar elva etter 300m.Litt bratt opp til over skoggrensa ved Gamlestøylen. Me følger stien sørover Breidaaksla og fjellryggen som svinger aust til Ramtinden 1198 moh. Den må me bestige før me gå videre ned i Ramoskaret og vidare følger me egga til topps. Eit kortere stykke er egga ekstra bratt, det er festa ein taustump der som mange vel å stole på. På toppen kan du krype gjennom eit hol for å nå det høgaste punktet.

Her oppe kan ein nyte ei fantastisk utsikt før ein startar på nedturen. Nedturen blir og flott, me skal bortetter ei egg og ned Jønshornrenna. Då kjem me til Storevatnet i Molladalen.

Derifrå går me ned til Melbøsetra og følger vidare bilvegen tilbake til bilane(ca.3km).

Ta med gode sko, vindtette klær, hue og hansker. Ellers klær etter været. Dette er en krevende tur og tek om lag 8 timar.

NB! Om været er dårleg på laurdag blir turen flytta til søndag 13 september. Følg med her på heimesida vår.

Oppmøte på Johan R. Sunde kl. 08.10

Turleiarar er Anna Marie Rekdal Havnegjerde tlf. 482 96 625 og Odd-Rune Havnegjerde tlf. 920 95 652