Sandvikhornet (876 moh) onsdag 10.06.15 AVLYST!!

TUREN ER AVLYST!

Denne onsdagskvelden er Sandvikhornet som ligg heilt yttarst på kommunegrensa i Sykkylven turmålet. Når ein kjem med ferga frå Magerholm og ser mot Sykkylven, ser du ein spiss topp til venstre for ferjeleiet på Ørsneset, det er Sandvikhornet som ligg rett ovanfor den fråflytta garden Sandvik på Furstranda. Vi kan køyre heilt opp til Hjellane der er det ein stor parkeringsplass. Går eit lite stykke oppover før turvegen dukkar opp til venstre og følgjer grusvegen heilt opp til Vassætra. Ganske bratt veg innimellom. Frå setra går stien opp mot eit skar, der svingar ein av opp mot toppen av Sandvikhornet. Litt småbratt akkurat der ein svingar av, men det er også alt. Sjølv om toppen ser ganske spiss ut frå ferga den lett å nå da ein går på baksida opp mot toppen. Det er bratt frå toppen og ned i Storfjorden, men for å sjå ned må ein gå ut på kanten. Retur etter same sti/veg som vi kom.

Oppe på toppen er det fint og flatt og er ein nydeleg plass å sitte å spise nista på ein solrik kveld i juni. Nydelig utsikt over fjorden mot Ålesund og øyane utanfor, mot Ørskog og sjølvsagt mot Sunnmørsalpane.

Turen er ikkje vanskeleg men relativt lang, ca 12 km totalt og med stigning på 676 meter. Vi reknar med å bruke 4-5 timar på turen. Vi går stort sett på veg og sti men det er ein fordel med godt, vasstett fottøy.

Oppmøte ved Johan R. Sunde kl. 17.45

Turleiarar er: Nils Roger Matvik tlf. 932 92 531 og Mariann Barstad tlf. 918 88 102