Seniortur til Ytste Skotet 16. august

Det manglar ikkje på turmål når vi ønskjer å få ein gløtt inn i korleis menneske i vår landsdel levde og verka i tidlegare tider. Takka vere det utruleg viktige arbeidet som Storfjordens Venner har stått for i mange tiår er fleire av våre fjordgardar redda for ettertida.

Det er ei  slik oppleving vi legg opp til når vi innbyr våre seniorar til eit besøk på den vakre og spektakulære fjordgarden der han  ligg på ei hylle i Storfjorden.

Opplegget er svært så enkelt: Det blir bil frå Sula til Dyrkorn gjennom eit sommarleg fjordlandskap som i seg sjølv er noko av det vakraste vår landsdel kan by på (vi skal prøve å skaffe transport til den som manglar bil) Her frå blir det båt over fjorden til landingstaden for Skot-gardane. Etter ei litt bratt oppstigning på om lag ein halv time står vi på Ytste Skotet som i seg sjølv er eit praktfullt utsynspunkt mot det sunnmørske fjord- og fjellriket .

Skulle de ha behov for nærare informasjon kan de ta kontakt med turleiarane nedanfor. Så velkomne til eit triveleg møte med vår kulturarv.

Øygunn og Børre Vegsund, tlf. 71 70 71 59, 905 21 460, 922 97 569