Skitur fra Grova til Eltrane, søndag 13. mars

Om snøforholda er gode kan me ta på oss skia nede ved parkeringsplassen. Her er det godt oppkøyrde løyper heilt opp til lagshyttene Taustua og Rollonhytta. Dit opp er det om lag 3 km. i lett terreng. Etter det må me kanskje trakke sporet sjølv. Turen vidare  går over Tverrfjellet og ned igjen mot Myrane. Vidare utover er terrenget ganske flatt, me passerer mellom Langerabben og Flesjehornet. Etter det får me ei lita nedstigning mot Trælbodnausa, der legg me om kursen mot nord siste strekket ut mot Eltrane, som ligg på ca. 450 moh. Undervegs får me god utsikt i dei fleste himmelretningane, vel ute på Eltrane ser me rett over til Sukkertuppen og Godøya. Har vi tid å lyst kan me gå via nokre toppar på vegen tilbake.

Turen tek ca 5-6 timar tur/retur og det kan blese kald vind så ta på/med vindtette klede, vindvottar, hue og ekstra klede. Turen passer for dei som er glad i å gå på turski/fjellski og likar å gå litt lengre skiturar.

Oppmøte på parkeringsplassen i Grova ved Mausavatnet kl. 10.00

Turleiarar er Odd-Rune Havnegjerde tlf. 920 95 652 og Anna Marie Rekdal Havnegjerde tlf. 482 96 625