Solrenningstur på Sulafjellet, fredag 17. juni – AVLYST!!

BEKLAGER Å MÅTTE AVLYSE TUREN, MEN VÆRMELDINGEN SPILLER IKKE PÅ LAG I DAG:-(

Solrenningstur på Sulafjellet er no blitt ein tradisjon. Vi møtes på Vonhytta kl. 22.30. Vonhytta vil vere open denne kvelden og natta. Herfra går turen på merka rås til Vardane og Sulafjellets høgaste punkt på 776 moh. Ved storevarden på toppen ser vi sola gå ned ca kl. 23.30. Det kan bli kaldt, så varm drikke og varme klede er ein fordel å ha tilgjengeleg, gjerne også ein sovepose. Når sola har gått ned, går vi saman ned til Vonhytta, her vil det vere mogleg å ta ein kvil og ete medbragt niste. Rundt kl. 03.00. rusler dei som ynskjer det mot Grøthornet, 650 moh, for å sjå sola stige opp bak Gamlemsveten ca. kl.03.30. Deretter rusler vi sakte ned mot bygda igjen, for å ta ei velfortent, forskyva natt. 

Denne turen passar for alle turglade som ønskjer å gå ei tur med ekstra opplevingar. Turen er ikkje særlig krevande, men foregår på nattetid og det kan vere kaldt, da pausane for å sjå sola gå ned og opp er lange. 

Oppmøte på Vonhytta kl. 22.30

Turleder er Ingrid Amalie Hagen tlf. 916 25 119