Solrenningstur til Vardane, 23.-24. juni – AVLYST

Lavt skydekke, regn og vind er ikke det vi ønsker på en solrenningstur så turen er dessverre AVLYST!

Solrenningstur på Sulafjellet er no blitt ein tradisjon. Vi møtes på Vasskummen i Langevåg kl. 21.00 og går i rolig tempo til Vardane (776 moh.). Frå toppen ser vi sola gå ned ca. kl. 23.30. I år vil vi og kunne sjå alle båla som vert tende på jonsokafta. Om veret tillèt det fyrer vi opp vårt eige bål på toppen (ta gjerne med ei vedskie eller to i sekken). Det kan bli kaldt, så ta med varm drikke og varme klede, gjerne ein sovepose. Nokre vil nok velje å gå ned att no, men sola kjem opp att bak Gamlemsveten ca. kl.03.30 og det er eit flott syn, om nokon klarer å halde seg vaken.

Denne turen passar for alle turglade som ønskjer å gå ein tur med ekstra opplevingar. Turen er ikkje særlig krevjande, men går på nattetid og det kan verte kaldt.

Oppmøte: Vasskummen kl. 21.00

Turledere: Mariann Barstad tlf. 918 88 102 og Geir Martinsønn Haugli tlf. 958 39 191