Sula Turlag 25 år – nå også på «bøljan blå»

Nåja, ovanforståande er kan hende ei mild overdriving, men det ligg ein snev av realitet i utsegnet.

Vi utvidar i alle høve friluftsrepertoaret vårt med ny aktivitet. Alle veit at vi i desse åra har tatt godt for oss av tinder og toppar i vår flotte region, men vi har stort sett vore svake på å nytte dei utruleg spennande aktivitetane som er knytt til sjø og vatn.
Og det er dette vi nå skal prøve å gjere noko med. Med andre ord kajakk-sport.

Som det vil gå fram av annonse i Sulaposten neste torsdag vil vi arrangere kajakk-kurs for nybegynnarar laurdag 8. september. Kurset vil vende seg mot ungom og vaksne og vil ta for seg elementære reglar for bruk av kajakk.

Turlaget har hanka inn ein av våre mest drevne kajakk-entusiastar som instruktør: Hallgeir Austnes. Med tempo og glimt i auget vil han sikkert ta fram latente eigenskapar hos sålegjengarar frå fjell og vidde.
Det skulle vel ikkje vere naudsynt å nemne at sikkerheit vil vere eit hovudmoment i kurset, som elles vil lære deltakarane korleis en sjøsetter farkosten, stig om bord, sørger for framdrift osb. («eskimorulle» må bli ein annan gong)

Så skal vi også nemne at kurset skjer i samarbeid med Friluftsrådet for Ålesund og omland og Ålesund-Sunnmøre Turistforening, som velvillig vil låne oss kajakkar og sikringsutstyr.
Kurset vil vere gratis, men medlemmar av ST vil ha fortrinnsrett.

Børre Vegsund