Sula Turlag til Blåskjerdingen, søndag 01.09.13

Søndag 1/9  går turen til eit grensefjell mellom Vestnes og Haram. Me bilar til Rekdal, køyrer 3 km på ein bomveg opp til Rekdalsetra. Her startar turen vår.

Me begynner i lett terreng før me går over i ei kort, bratt stigning opp til Langedalen. Her ligg tre fiskevatn, Langedalsvatna. På turen vår gjennom Langedalen passerar me Røvarhytta, den må me sjå på. Den er tilpassa terrenget og ikkje lett å få auge på. Det var ein fredlaus kar, Christopher Christophersen Hungnes som satte opp hytte der på 1700 talet. Røvarhytta vart ein fristad for han, han var ein jaga mann. Hytta har vorte restaurert to gonger, men alt etter gammal byggjemåte. Vidare går turen mot Skjerdinghalsen, bratt oppover, med lett klyving. Blåskjerdingen har to toppar, me kjem først opp på nordtoppen på 1069m.o.h, her dreg me pusten og nyt utsikta. Så går me ned i ei kløft, den er grei å gå, gode tak for hendene og mange stader å sette beina. Vel over kløfta når me sørtoppen på 1061m.o.h. Det er denne toppen som er mest besøkt. Utsikta er fantastisk, har du heimlengsel ser du Sula i det fjerne. Nedturen går om Skjerdingvatnet og Forsavatnet før me når Rekdalsetra.

Oppmøte på Johan R. Sunde kl. 08.00

Turleiarar: Anne Marie Rekdal Havnegjerde tlf. 482 96 625 og Odd-Rune Havnegjerde tlf. 920 95 652.

NB! Sula Turlag har ei turavgift på kr. 30,- på sine turar.