Suladagane 2016

Søndag 24. april er det Kvitveisdagen og vi treffast som vanleg i Kaffivika ved Vassetvatnet mellom kl. 12.00 og 15.00. Saman med Sunnmøre Friluftsråd fyrer vi opp bålpanner og her kan du lage tennbrikettar, klatre i tau, lage pinnebrød og ete pølser. Velkomen til oss.

Tysdag 26. april vil vi invitere deg/dykk med på ein liten tur til Nøringset, ei lita perle på sørsida av Sula. Vi møtast på parkeringsplassen på Nøringset kl. 17.30 og går ned til sjøen for å fiske og grille.

Ta med mat og drikke etter eige ønske. Vi ordnar bål. Ta og med gode og varme klede og gjerne ei fiskestong om du har det. Om du har spørsmål så ta kontakt med Malvin Svorte på telefon 938 83 225 eller Odd-Rune Havnegjerde på tlf. 920 95 652.