Sykkeltur Harøya- Aukra-Otrøya-Midøya, søndag 2.juni

Sula Turlag inviterer til sykkeltur på Harøya, Aukra, Otrøya og Midøya. Tidspunktet er komande søndag den 2.juni.

Første etappe er pr. bil til Brattvåg. Derifrå går ferja på morgonkvisten.Turen over øyane er relativt flat, men vert rekna som middels tung utifrå at total sykkeldistanse er om lag 65 kilometer. Desse kilometrane er stykka opp i naturlege ferjepauser. Her blir det naturleg nok muleg å kjøpe sveler. I følje turleiarane Peter W.Kirkebø og Hallgeir Austnes er det lagt inn godt med tid mellom ferjeavgangane, slik at det skal bli tid til å nyte naturen og sjå seg om undervegs. Dei tre første etappane er på 10-15 kilometer. Den lengste etappen er over Otrøya og Midøya. Denne er på 28-35 kilometer avhengig av vegval.

Oppmøte: Johan R. Sunde kl. 08.00 (ferje frå Brattvåg kl. 09.15)
Retur Brattvåg ca. kl. 18.00

Kontaktpersoner: Peter W. Kirkebø tlf. 908 88 028 og Hallgeir Austnes tlf. 950 78 973