Tur til Giskemonibba, søndag 13.05.12

Det blir Ørskog-fjell denne gongen. Løypa til Ørskogfjellet er kjent for dei fleste. Dette vil bli utgangspunktet for søndagens tur.

Dette fjellet føyer seg inn i rekka av overkomelege og trivelege fjeltoppar som vår landsdel også er så rik på. Frå Sjøholt-sida ser det rett nok skummelt bratt ut, men frå nordsida er det ei heilt grei oppstigning. Det stiller seg såleis ikkje i rekka av «prestasjonstindar», men alle vil garantert glede seg over ein opptur gjennom eit litt forsinka, vårleg landskap.
Bilane har vi parkert ved Fjellstova, og der frå går vi om Haugesetra før vi etter ei lita nedstigning kjem inn på vegen som fører til Kvanndalssætra. Så langt har vi vandra i overkant av eit par kilometer på god traktorveg. Setra ligg ved inngangen til Kvanndalen som fører til Vaksvika, ein fin tur, ikkje minst på ski.

Nå tar oppstigninga mot Giskemonibba til. Den går først langs ei elv i moderat stigning med stendig finare utsyn mot tindar både på Ørskog-sida, men også mot Vestnes- og Skodjefjell. Og langt der ute i vest ser vi Sunnmøre med øyane i nord.
Oppstigninga er på knapt 300 meter og går unna på om lag ein time.
Alle skal få gå sitt eige tempo og pauser blir lagt inn når vi treng det. Det er turen og ikkje prestasjonen som er meininga med søndagens utmarsj.

Får vi sol, varme og klar luft kan dette bli vårens vakraste eventyr.

• Frammøte Joh. R. Sunde kl. 9.30.
• Vanskegrad: middels –
• Turavg. kr. 30,-
• Kontakt: Børre Vegsund, tlf. 71 70 71 59, 922 97 569
Mindor Solevåg « 70 19 05 06, 413 10 290