Tur til Hornindalsrokken, lørdag 22.08.15

Dette er ein TOPP-tur på alle måtar, ein kan og sjå toppen frå Sula. Frå Solevågseidet kan ein sjå toppen av Rokken stikke majestetisk opp lengst inne på austsida av Hjørungfjorden.

Hornindalsrokken er eit grensefjell for Hornindalen, Ørsta og Stranda kommune. Frå rv 60 ved den gamle steinhellebrua 2 km vest for fylkesgrensa, kan du køyre bomveg 1,5 km nord til Hornindalsetra . Me startar med å gå ein gammal anleggsveg ca. kl 10.15, deretter kryssar me elva og går bratt opp ei renne. Vel oppe frå renna går me over i storsteinsur.  Siste stykket følger me nordegga med enkel klyving.

Dette er ein krevande tur og passar for dei utan høgdeskrekk, og som er vant til å gå litt lengre turar. Still med solide sko, godt med klede og mat. Turen tek ca.10t. tur/retur.

Oppmøte på Johan R. Sunde kl. 08.10 (NB! Laurdag)

Turleiarar er Anna Marie Rekdal Havnegjerde tlf. 482 96 625 og Odd-Rune Havnegjerde tlf. 920 95 652