Tur til Kirketaket (1439 moh), søndag 12.05.13

Søndag førstkommande, 12.mai, tek Sula Turlag turen på ski til Kirketaket (1439 moh) i Isfjorden i Rauma.
Kirketaket er eit spesielt flott skifjell, med fantastisk utsikt til både Romsdalsfjorden og Romsdalsalpane som bonus.
Turen startar på Øvre Kavli i Isfjorden og turen opp tek mellom tre og fem timar alt etter tempo og føreforhold.
Vi må bere skiene eit godt stykke i starten, men held så fram i slak stigning til toppen av Steinberget (981 moh). Så litt ned og deretter i sikksakk opp sørryggen til den 1439 meter høge toppen på Kirketaket. På nedturen kan vi få nærare 1000 meter vertikal nedkøyring hvis snøforholda er gode.

Nb! Dette er ein tung tur som høver for dei som er vant til å ferdast på ski i bratte fjellområder. Det er bratt opp mot toppen.

Det er viktig med gode ski med stålkantar.

Oppmøte: J.R. Sunde kl. 08.30
Turavgift: kr. 30,-
Turleiarar: Arild Andersen tlf. 456 88 589 og Kåre Bakken tlf. 951 27 962