Tur til Kongsvollen, søndag 20.05.12

Sula Turlag arrangerer fottur til Kongsvollen på Hareid-landet søndag 20/5.
Denne turen er ein lett til middels tung fottur. Ein startar på Løset, ca 200 m.o.h. og endar 680 meter over havet (vel som Grøthornet på Sula). Turen går frå Løset mot Kvamstua, først på bra sti i lyngmark, seinare etter egga opp ”Bukketroppene” mot sjølve Kongsvollen. Vi skal opp 480 høgdemeter og ca 4 km i lengde til toppen, noko som dei fleste klarer på eit par timar, etter form og framdrift.
Utsikta er flott heile vegen oppover, både mot øyane og havet, mot Vartdalsfjella og Ørsta-fjella innover. Frå toppen ser ein attende mot det 5 km lange og 60 meter djupe Snipsøyravatnet og mot Hareidsdalen med Grimstadvatnet. Vestover ser ein mot Gurskøya og øyane utanfor.
Turen nedatt går på bra sti i retning Haddal, der vi vil ha ein bil som kan køyre sjåførane framatt til Løset der turen tok til. Turen kan ta 3 til 4 timar, eller meir for den som har god tid.
Dei som er ”sjølvstendige” kan gå ein tur til Blåtinden, den høgaste fjelltoppen på Hareidlandet, om dei vil. Det vil ta om lag ein time ekstra.
Turen til Kongsvillen vil høve godt for barn som har litt trening med å gå på tur. Husk å ta med litt niste, ekstra klede(gensar, hue, vottar), litt drikke og regntøy om nedbøren trugar. Det vert med lokalkjende folk frå Haddal på turen.
Dersom veret vert for dårleg vert turen avlyst. Turleiaren møter då på Sulesund for å gi beskjed.

Velkomen til ein fin søndagstur.

• Frammøte på Sulesund ferjekai kl. 09.15 (ferga går kl. 09.30).
• Vanskegrad: Lett/Middels
• Turleiar: Ove Kaldhol tlf. 918 36 533