Tur til Korsmyra, Gomsdalen og Oaldsbygda, lørdag 03.09.16

Turen starter fra Korsmyra, høgste punktet på vegen mellom Eidsdal og Geiranger. Vi går til Hausetsætra og vidare utover langs nordsida av Geirangerfjorden. Etterkvart ei oppstigning før stien igjen flater ut til vi kjem til nedstigninga til Gomsdalen, ein av dei mange fjellgardane langs Geirangerfjorden . På fin sti går vi bratt ned til garden som ligg over 600 meter over havet. Ei fin steinbru er verd å ta ein nærnere kikk på her. 

 Frå garden går vi på myrer inn gjennom dalen men jevn stigning til vi passerer reset mellom Gomsdal og Oaldsbygda. Like etter høgaste punktet passerer vi ei gammal hytte, Storevasshytta, bygd like før krigen av ungdommer i Oaldsbygda. Herfra går turen ned gjennom dalen og vi passerer i tur og orden tre gardstun, Øvstegard, Midtgard og til slutt Seljeflot før vi kjem ned til kaia i Oaldsbyga der vi blir henta av båt og frakta tilbake til Eidsdal. 

 Dette er ei vandring både i flott natur og i eit kulturhistorisk landskap. Vi passere Gomsdal (fråflytta i 1907) og Oaldbygda med både post, telefon, kraftverk og anløp av rutebåt men som likevel vart fråflytta rett etter krigen. 

Dette er ein relativt tung tur, turen går delvis på sti, delvis i terrenget og delvis på dårleg ‘kjærreveg’. Regner med å bruke 7-8 timer på turen.

Av hensyn til båtskyss må vi ha påmelding til denne turen. Påmelding til ein av turlederne innen torsdag 1/9. Det kan bli aktuelt å sette tak på antall deltakere. Det vert turavgift til dekning av utgifter til båtskyss.

Oppmøte ved Johan R. Sunde (Solavågseidet 76) kl. 07.30

Turleiarar er Nils Roger Matvik tlf 932 92 531, Arild Andersen tlf. 456 88 589 og Kjetil Fylling tlf. 959 42 984