Tur til Lebergsfjellet (628 moh), onsdag 03.06.15

Denne toppen har sikkert mange lagt merke til på grunn av radiomastene på toppen, men det er nok relativt få som har vore på toppen. Vi skal til Ørskogfjellet denne onsdagskvelden og på programmet står ein middels lang tur på vel 4 km der heile turen går på veg. Det er slakt i byrjinga og litt brattare opp mot toppen.  Vi går først gjennom bjørkeskog, vidare over skoggrensa med utsikt mot vest og etterkvart også nordover. Etterkvart som vi legg myra bak oss, opnar utsikta vestover seg og det vert litt meir stigning. Vegen svingar så tilbake og går vidare i svingar oppover mot toppen. Eit par brattare etappar vert det også etterkvart før ein nærmar deg toppen og ein ser dei store radiomastene med tilhøyrande bygningar.

Frå toppen ser ein Brustinden, Ystetinden og Sprovstinden på Vestnessida av Ørskogfjellet.I aust ser du m.a. Høgsvora og Giskemonibba. I sør ser du Storfjorden og fjella langs den. Lengst i vest ser du øyane rundt Ålesund. Men du har også ei flott utsikt mot nedste del av Solnørvassdraget med m.a. Akslevollvatnet med det furuskogkledde Haugfjellet bak.

For dei som ynskjer det er det mulig på returen å ta ein liten avstikkar på ca. 1 km. til Høgnosa 430 moh. Der har ein Verahornet midt i mot og snur ein seg er det flott oversikt mot Fjellstova, Nysætra og Nysæternakken.

Dette er ein lett tur. Høgdeskilnaden er på ca 330 meter og vi reknar med å bruke 2-3 timar på turen.

Oppmøte på Johan R. Sunde kl. 18.00

Turleiarar er Nils Roger Matvik tlf. 932 92 531 og Mariann Barstad tlf. 918 88 102