Tur til Melen, søndag 10.05.15

Melen er eit fjell med svært karakteristisk utsjående og form. Turen vår gjeng frå Reset i Fiksdal.Her er det godt med parkeringsplasser. Der turen vår starter er det satt opp ei grensetavle til minne om at grensa til Sverige gjekk her på1600-talet.

Første del av ruta kan være litt våt, me skal krysse eit myrlendt område. Tidvis er det litt bratt opp til toppen, siste del er stein og ur. Utsikten frå toppen er flott, i nordaust ser me Romsdalsfjorden, mot vest ser me Sula med Runde i bakgrunnen. Skulle me ønske ein litt meir spennande avslutning på turen, kan me gå langs eggen til den nordaustlege delen av toppen.

Melen er eit av måla for årets Stikk UT, altså to fluge i ein smekk. Turen tek ca. 3t. tur/retur. Litt ekstra tid om me gjeng til den nordaustlege egga. Dette er ein tur som passar for dei fleste som tåler å gå i motbakke. Ta på gode sko og klær, ellers etter været.

Oppmøte på Johan R. Sunde kl. 09.00

Turleiarar er Anna Marie Rekdal Havnegjerde tlf. 482 96 625 og Odd-Rune Havnegjerde tlf. 920 95 652