Tur til Merafta, onsdag 22.06.16

Ny kveldstur står på programmet og denne gangen er det Meraftafjellet som er målet. Dette fjellet er med sine 576 meter det høgaste toppen på Uksenøya.

Vi startar turen frå Gudmunset og første delen går på skogsveg. Stien, som vi etter kvart følgjer, er stort sett tørr og fin og gå på. Litt bratt oppstigning før vi startar den siste etappen mot toppen som går i slakt terreng.

Utsikta frå toppen er flott, spesielt mot Sykkylven og omkringliggjande fjell. Vi har også flott utsyn over Storfjorden, både austover og vestover.

Turen er relativt lett, men vi må nok rekne med å bruke rundt 3 timer. Returen blir etter same rute som oppstigninga. Ta på gode sko og klede, elles etter været. Dette er ein tur som passar for dei fleste som tåler å gå i bratt motbakke.

Oppmøte ved Johan R. Sunde, Solevågseidet 76 kl. 18.00

Turleiarar er Nils Roger Matvik tlf. 932 92 531 og Malvin Svorte tlf. 938 83 225.