Tur til Myklebusthornet, onsdag 25.05.16

Myklebusthornet er det høgste punktet på Ellingsøya.  Det ligg langt vest på øya, og gjer at vi fær ei flott utsikt mot øyane og havet.  Men også i alle andre retningar, då der ikkje er fjell i nærheita.

Vi køyrer til Ålesund, gjennom Ellingsøytunellen til Kverve, vidare til rundkøyringa på Hofland.  Der tek vi til venstre mot Vollstad på nordsida av øya.  Etter ca. 3,5 km er der ein fotballstadion på høgre side.  Her er god parkering nedanfor klubbhuset.  Vi startar på venstre side av klubbhuset, og går etter ein traktorveg.  Her kjem ein litt tung motbakke opptil skaret, der vi tek av til venstre på ein sti.  Vi fylgjer den opp og ned austover eit godt stykke, til vi når toppen.  Då er det berre å nyte utsikta mot fjorder, fjell, øyer og hav.

Turen er relativt lett, men vi må nok rekne med å bruke rundt 2,5 timer. Returen blir etter same rute som oppstigninga. Ta på gode sko og klede, elles etter været.

Oppmøte ved Johan R. Sunde, Solevågseidet 76 kl. 18.00

Turleiarar er Nils Roger Matvik tlf. 932 92 531 og Malvin Svorte tlf. 938 83 225.