Tur til Nihusen (438 moh), onsdag 19.08.15

Ein lett kveldstur til Nihusen (også kalla Niusen) står på programmet. Vi startar frå ’Almurssvingen’ på Stette og går vestryggen oppover mot toppen. Første del opp til ca 260 meters høgde på ein skogsveg og derifrå til topps på sti. 

Sjølv om det ikkje er nokon imponerande høgde på Niusen er det ingenting å klage på utsikta.  Toppen ligg litt for seg sjølv så ein har god utsikt til fjell i feire kommunar, til dømes Haram, Ørskog, Stordal, Sykkylven, Ørsta og Ålesund. Ja, Sula ser vi sjølvsagt  også frå toppen.

Det er ca. 340 meter stigning i lett terreng.  Turen tek 2-3 timar og er ein lett tur som passer folk i alle aldre.

Oppmøte på Johan R. Sunde kl. 17.45

Turleiarar er Nls Roger Matvik, tlf. 932 92 531 og Malvin Svorte, tlf. 938 83 225