Tur til Ringefjellet/Røstallen, søndag 30.06.13

Førstkommande søndag, den 30. juni skal Sula Turlag gjennomføre den siste førsommarsturen sin før vi tar ein pause i juli og kjem sterkt att med fleire spennande fjellturar i august og utover ettersommaren.

I fjor hadde vi ein fin tur til Hidsegga med oppgang frå Moltudalen. Og etter fleire ønske om å besøke den søre delen av fylket vårt i år også, har turlaget lagt opp ein grei og forholdsvis lett fjelltur mellom Syvdsbotn og Fiskå. Vi samlar oss søndags morgon på Sulesund klokka 0845 og derifrå samkøyrer vi etter ferga til Hareid til Årvik og tar ferga vidare til Koparnes. Frå Koparnes er det om lag 6 km til Eidså der vi følgjer fylkesveg 61 vidare mot Fiskå. Men etter ca. 4 kilometer  skal vi stoppe ved Grovavfallsplassen på venstre side av vegen og finne parkering der. Vi skal derimot gå ned til vegen att og følgje skiltinga til fjellet. Stien er lett å finne og i lett skogsterreng går vi på høgre sida av elva oppover og mot sør. Oppstigninga mot Ringefjellet og Røstallen er grei og kan samanliknast med Sulaturen frå Grova og opp til Vardane. Også om lag same høgda som vi har på vårt heimelege fjell. Brattaste delen, men på ingen måte nifs eller farleg, får vi før vi kjem opp til,Ringevatnet, og derifrå er det fine lyng- og moseheier vide omkring. Turen opp tar ca. 2 timar med pausar.

Frå Ringefjellet like ved har vi vidt utsyn i alle himmelretningar med Syltefjorden og Vanylvsfjorden mot nord og vest, Stadtlandet mot vest,  Syvdefjorden mot nordaust og fjellheimen mot Sogn og Fjordane mot sør. Det blir vel ein god rast her oppe ved varden.

Dersom veret tillet det og vi vil, er det flott å gå over fleire små toppar, med Røstallen som den næraste og  ikkje så langt unna ligg den  høgste toppen, Svartetua på 842 meter o.h. Herifrå har vi den finaste utsikta.

Dei som fylgjer med kvar alle motbakkeløpa går om sommaren, har sikkert høyrt om Blåfelden opp. Dette er ein fjelltopp rett bortom Svartetua. Dette motbakkeløpet går frå Syvdsbotn og rett opp i mai månad. Om vi når å gå til denne toppen er uvisst.

Uansett; frå den toppen vi stopper på til sist er det fleire stiar å velge mellom rundt omkring på heiene og så ned att.  

Er vi heldige, kan det hende vi får med oss ein kjentmann frå Slagnes på denne rundturen.

Så håper vi på fint turver og at mange vil vere med Sula Turlag på denne fjellturen. Han står med 2 skor i turplanen og det tyder grei og lett tur.

Vel møtt til alle glade medvandrarar.

Oppmøte Sulesund Fergekai kl. 08.45

Turavgift kr. 30,-

 For turlaget: Mindor Solevåg tlf. 993 95 187 og Mariann Barstad tlf. 918 88 102