Tur til Romedalstind (1295 moh), søndag 16.09.12

Søndag 16 september skal Romedalstinden bestigast. Vi tar av ved Ytre
Standal , køyrer på ein bomveg som strekkjer seg to kilometer oppover
dalen. Ved 200 m.o.h tek vi føtene fatt . Turen startar lett , men dreg
seg til med litt motbakkar etter kvart .På slutten av turen får vi litt
lett klyving langs ei egg. Vel oppe har vi ei fantastisk utsikt til
toppar og dalføre . Dette er ein tung topptur som vil ta 3 – 4t. ein veg .

Oppmøte: J.R. Sunde kl. 08.15
Turavgift: kr. 30,-
Turleiarar: Odd-Rune Havnegjerde tlf. 920 95 652
og Bjørn Inge Molvær tlf. 913 65 784