Tur til Romedalstind, søndag 22.09.13

Søndag 22. september skal Romedalstinden bestigast. Vi tar av ved Ytre Standal, køyrer på ein bomveg som strekkjer seg to kilometer oppover dalen. Ved 200 m.o.h tek vi føtene fatt. Turen startar lett, men dreg seg til med litt motbakkar etter kvart. På slutten av turen får vi litt lett klyving langs ei egg. Vel oppe har vi ei fantastisk utsikt til toppar og dalføre . Dette er ein tung topptur som vil ta 3 – 4t. ein veg.

Oppmøte: Eidsnes, v/Johan R Sunde kl. O8.OO

Turavgift: 3O kr

Turleiar: Anna Marie Rekdal Havnegjerde, tlf: 482 96 625 og Odd-Rune Havnegjerde, tlf: 920 95 652