Tur til Saksa, søndag 27.09.15

NB!! TUREN TIL SAKSA ER FLYTTA FRÅ LAURDAG TIL SØNDAG.

Saksa er ein av dei lågaste tindane ved Hjørundfjorden. Likevel er den godt synleg frå mange stader i Hjørundfjorden og utsikta frå toppen er også framifrå, særleg frå den sørlege toppen.

Toppegga har tre toppar med den nordlegaste som den høgste. Vi startar nesten på havnivå, altså er det ca 1070 høgdemeter som må tilbakeleggjast  før ein er på toppen. Det er merka sti mesteparten av vegen til topps. Frå ferjekaia er det eit turskilt som viser starten opp forbi garden, seinare går vi eit stykke på traktorveg. Vi følgjer etter kvart stien på ein rygg til foten av sjølve Saksa. Derifrå er oppstigninga ganske bratt og til dels i ur opp til sørtoppen som altså har det flottaste rundskuet. Turlaget stopper på sørtoppen, men vil ikkje hindre dei som ynskjer det å gå  vidare over den mellomste toppen til den høgaste nordtoppen. Ein må her vise stor varsemd ned i det bratte skaret mens det er enkel klyving over midttoppen.

Ruta opp til sørtoppen er ikkje vanskeleg eller luftig på noko punkt. Vi skal tilbakeleggje knapt 1100 høgdemeter og reknar med å bruke ca. 3 timar til topps og 6-7 timar totalt.

Dette er ein middels tung tur som passer best for litt turvande personar.

Turen er sett opp på ein laurdag. Ved dårleg ver på laurdag men betre utsikter for søndag, flytter vi turen til søndag. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du er i tvil eller følg med på www.sulaturlag.com

Oppmøte på Solevågseidet 76 (v/Johan R. Sunde AS) kl. 08:45

Turleiarar er Nils Roger Matvik, tlf. 932 92 531 og Roy-Magne Sunde, tlf. 916 45 251