Tur til Skjonghellaren, onsdag 30.05.12

Har du høyrt om Skjonghellaren?

Sannsynlegvis veit du noko om den, og kan hende har du til og med vore der. Men dersom du er ukjent med dette spennande naturfenomenet, så inviterar Sula Turlag til ei skikkeleg nærkontakt.

Dette er ein av dei såkalla midtveke-turane vi legg opp til. Når dagane blir lyse og lange er det fint å kunne utnytte kveldane til å bli kjent i nytt terreng.
Som de forstår er det Valderøya som blir sett på kartet denne kvelden. Vi kjem til å køyre i «karavane», og parkering vil skje ved Valdervoll idrottsanlegg. Så blir det ei relativ lett vandring over øya sine fjellområde. Ikkje av dei mest grensesprengande når det gjeld høgd, men knapt 300 meter over havnivået gir likevel eit makelaust utsyn over Giske kommune og det sunnmørske øyriket i nord.
Høgdepunktet blir nok besøket i Skjonghellaren. Denne hola i fjellet som havet gjennom titusen av år har grave inn i fjellet, er ein eineståande geologisk og historisk lokalitet. Her er spor etter menneskeleg aktivitet meir enn 30 000 år attende, kan hende i ei kort mildversperiode under siste istid.
Den svære hellaren går om lag 140 meter innover i fjellet og blei etter istida brukt som boplass for våre forfedre. Vi tar sikte på å ta oss inn under sakkyndig vegleiing og medbrakte hovudlykter/lommelykter.

Her har Sula Turlag har gjort eit varp: Kjent fjellmann og turleiar i ÅST Einar Berget, vil lose oss over øya saman med ikkje mindre kjente Odd Egil Valderhaug, TV-journalist, forfattar, lokalhistorikar og varaordførar i Giske kommune.
Dette skulle borge for ei interessant og aktiv sommarleg kveldsøkt ein onsdag midt i veka.
M.a.o. noko å gle seg til!

• Frammøte ved Johan R. Sunde onsdag 30/5 kl. 18.00.
• Turavgift kr. 30,-.
• Ta med hovudlykt.
• Turleiarar: Børre Vegsund Tlf. 71 70 71 59, 922 97 569
Mindor Solevåg Tlf. 70 19 05 06, 413 10 290
Einar Berget Tlf. 70 18 23 94

Børre Vegsund