TUR TIL SKULEN PÅ FLEMSØYA

Komande søndag går turen til fjelltoppen Skulen (492 m.o.h) på Flemsøya.

Vi møtast på Johan R. Sunde i god tid før kl. 08.30. Vi tek sikte på å nå ferja på Skjelten kl. 09.40 til Haramsøy. Vi køyrer deretter til Ulla, over Ullasundet og parkerer like etter Ullasundbrua.

Turen er av middels vanskegrad og det tek om lag 1 ½ time til toppen. På toppen er det ei fantastisk utsikt frå Vevang i nord til Stadt i sør. I klarver kan du med kikkert sjå både Smøla og Grip fyr. Romsdalen og Sunnmørsalpane nærast lyser mot deg!

Skulen tyder «tverrbratte bergveggar med kløvne» (Skulekløva).Tydinga av dette ser ein best etter at ein har kome opp på toppen. Skulen er òg frå gamalt av nytta som vardefjell. Når Skulen hadde «stormhette» (skoddedott) på, tok fiskarane i gamle dagar dette som eit teikn frå «Den Store Tir (Ti)», om at no måtte alle på havet kome seg fortast råd til land, før uveret kom. «Den Store Tir» var redningsmannen som gav råd og vink til fiskarane.

Kontaktpersonar er Hallgeir Austnes tlf. 950 78 973 og Peter W. Kirkebø tlf. 908 88 028.

Med hilsen oss i Sula Turlag