Tur til Slogen, lørdag 11.06.16

Det er mange mulige startpunkt for å nå Slogen, men denne gongen har me valgt å starte frå Øye. Denne ruta blir også kaldt Slogråsa. Råsa er jamt bratt, me følgjer ein god sti oppetter ein bratt og lang rygg. Stigninga er bratt frå 60 moh. til topp punktet på 1564 moh.

Utsikta er god når me kjem oss over skoggrensa. I skaret på 1200 moh. møter me stien som kjem frå Patchellhytta. I frå her og opp kan me rekne med å måtte trakke i litt snøv, er snøven skarete eller isete må vi her være ekstra forsiktige. Siste hundre m. mot toppen vert gradvis brattare, men me klarer oss med enkel klyving. Vel oppe får me ei fantastisk utsikt. Sjølve topp punktet er nokså luftig.

Turen tek ca 8 timar tur/retur og er for dei som er vant til og tålar å gå lange strekk i bratt motbakke/nedoverbakke. Det viser seg ofte at nedturen blir den tyngste for mange, så ha det med i berekninga. Ta med gode sko, vindtette klede, hue og hanskar.

Ved dårleg vær på laurdag, kan turen verte flytta til søndag 12.06.16. Dette blir det opplyst om på heimsidene til ÅSt og Sula Turlag.

Oppmøte på Johan R. Sunde, Solevågseidet 76 kl. 08.10.

Turleiarar er Odd-Rune Havnegjerde tlf. 920 95 652, Anna Marie Rekdal Havnegjerde tlf. 482 96 625, Malvin Svorte tlf. 938 83 225 og Kjetil Fylling tlf. 959 42 984