Turar

Grøne turar er dei kortaste og lettaste og skal i hovudsak gå på gode stiar og turvegar. Nokre av dei kan også folk i rullestol klare. Turane skal ha moderate stigningar.

 

Blå turar passar for dei fleste med litt turerfaring. Kan gå i stiar i terrenget og ha nokre bratte stigningar.

 

Raude turar er for erfarne turgåarar og krev gode fjellsko og turutstyr. Det kan vere krevjande parti på turen, både bratte og luftige område og elvar som må passerast.

 

Svarte turar er for erfarne fjellfolk med godt utstyr og kunnskap om kart og kompass/GPS. Turane er lange og kan ha bratte og vanskelege parti.