Ytste Skotet, 09.06 – 10.06.12

Ytste Skotet, – ei vandring tilbake til «gamle dagar»

Storfjordens Venner er eit kulturhistorisk omgrep på våre kantar. I fleire tiår har dei gjort eit kjempeløft med å ta vare fjord- og fjellgardar i det sunnmørske landskapet.

Og i nokre år nå, har Sula Turlag tatt opp igjen tradisjonen med å besøke desse einbølte gardane. Såleis blir Ytste Skotet vårt mål i helga 9-10 juni. (sjå annonse)

Opplegget
Vi satsar på privatbilar til Sykkylven. Her frå går vegen til Ramstadalen/Fasteindalen der bilane blir parkerte. Nå tar vi beina fatt. Det blir ein motbakke på om lag tre hundre meter opp til Årsetvatnet, (500 m.o.h.) vidare langs dette , og så eit hundre meter opp til Brekka, høgste punktet på ruta.
Nå går det nedover Skotsdalen , og etter ca. tre timar til fots strenar vi inn på tunet på YtsteSkotet.

Ytste Skotet
Her blir vi møtt av ei blid og tøff jente, Kari-Anne Nilsen som bur aleine på fjellgarden året rundt! Ho vil fordele oss rundt på garden med tanke på sovekvarter. Det vil bli sovepose og flatsenger for heile hurven, så det er berre å gløyme firestjerners frå Syden. (det må likevel nemnast at nokre få oppreidde senger er disponible mot eit tillegg i prisen)
Kari-Anne vil sørge for vått og tørt til oss, og sikkert fortelle litt frå si sjølpålagte einsemd i dette fjord- og fjellrike.
Så kan vi rusle inn til Midt Skotet. Og tar vi ikkje mykje feil vil vi treffe Idar Skotte, siste brukaren på denne garden fødd og oppvaksen her, og i tillegg ein ypperleg formidlar av livet på denne fjellhylla.

Retur
Tilbake blir det same vegen som vi kom. Det blir bra med vandring som ein forstår. Og ein skal vere i alminneleg god form for denne turen. Ikkje minst med tanke på at ein skal bere sekk med sovepose, ekstra klede, niste og drikke under vegs. Det gjeld å pakke sekken så lett som mogleg 7 til 9 kg. max.
Når dette er sagt skal alle som har lyst på ei helg med fysisk innsats i flott natur, og med kulturelt påfyll som bonus, vere velkomne som medvandrarar.

Øygunn og Børre Vegsund

• Frammøte: Joh. R. Sunde laurdag kl. 09.00
• Overnatting i sovepose, middag og frokost, pris kr. 400.
• Bindande påmelding innan fredag 7.juni kl. 21.00.
• Turavgift kr. 30,-.
• Turleiarar & info: Øygunn 905 21 460/Børre 922 97 569